onsdag 18. juli 2018

Frances Horovitz (uten tittel)

denne Evrydike greidde seg -
sundsprengd, blodig
fødsel utan hjelp
klemd ut mellom steinar
på ei karrig slette

lyset svir

kor er blomane
ekko av songen
denne våren?

berre stemmene frå andre
dei klager også
over skuggen til Orfeus
som alltid strekkjer seg
   over åsen
        over åsen



Gjendiktet av Lars Amund Vaage


*************************************

(fra Dikt i samling, 2017)









tirsdag 17. juli 2018

Lorenzo Brown: Himmelen mørknar

Himmelen mørknar i augo på den våte streifhunden.
Småkryp kjem opp frå den
nedkjølte jorda

for å sanke bitar av ljos.
Kontorbygningen av glas, johannesbraudtreet og
sporvane som stimlar saman under skyene frå havet

veit at det finst mange formar for ikkje-eksistens,
at verda ønskjer seg ljoset
til dei minste delane som blir igjen etter oss.

Om natta reiser vi gjennom kroppen. Foreldra våre
spør oss kva vi har å gjere der nede.
Dei har venta så lenge

på at vi skal finne den tynne guten som bur mellom kropp og sjel
og gje låra våre over til elskarane.

Kven veit kor lenge vi må leve for å bli den vi har blitt?
Gatelykta kastar ein lang skugge mot
den kvite muren. Redsla i meg

fryktar at nokon skal krysse det djupe,
sovande graset.


************************************************************

(Diktkammeret, 16.07.2018)