mandag 11. mars 2019

Edvard Hoem: Svanene

I vika langt mot vest, langs haustmørk strand
kjem svanene igjen, eg ser det no.
Dei duvar lydlaust like attmed land,
og speglar seg når sjøen stig mot flo.
Eg har sett pine skjera andeltstrekk
Eg har sett folk ta avskil utan red
høyrt dører smelle, bilar køyre vekk,
men no kjem svanene og slår seg ned.
Det var ei verd, ein kyst, der langt mot nord,
ein slik klar vinterdag, eg var på veg,
eg gjekk og såg mot botnen av ein fjord
og høyrde vengesus som nærma seg.
Så vart det stille. Det gjekk mange år.
No høyrer eg på nytt at venger slår.

****************************************

(fra Kristusfigurasjonar, 2003)