fredag 3. mai 2019

Kobayashi Issa: haiku

urørleg
lar han snøen falle
føllet på beitemarka

******************************************

(gjendiktning til norsk av Helge Torvund, Faceboo 03.05.2019)



onsdag 1. mai 2019

Eldrid Lunden (uten tittel)

Relieff frå Catalhöyuk i Anatolia ca. 7000 f.Kr.
To leopardar står med hovuda mot kvarandre
Hodyret har hengemage etter mange fødslar
og eit svart band kring venstre framfot
Hanen har eit svart band kring venstre
bakfot, og eitt kring halen
Begge har auge i alle fire potane
Begge har slangehovud i haletippen
Hannen har eitt par opne augei hovudet og
eitt par lukka, eller blinde
Hodyret har to par opne auge

******************************************

(fra Det er berre eit spørsmål om tid, 2018)