torsdag 7. november 2019

Paal-Helge Haugen: Credo

Den store elva fell til ro, og så kvelden
tung og gyllen honning over elvebredda, flyt ut
og stilnar den òg

                                når vi kjem fram, og alt
til sist kjem til alt, oppfyllande i dette tause
gjennomstrøymde rommet, før tida, attom tida

gjennomdrøymt som berre det verkelege kan vere.
Ein enkel kveld, nokre få tankar lagde i kross
som ved til eit bål der vi vermer oss inn i natta
før oppbrotet. Vi er så flyktige at vi knapt
rører jorda. Vi skal bryte leir før morgongry
og ikkje eit spor etter oss. Vi teier medan glørne
døyr ut

                   lyttar etter røystene i den mørke
lufta over oss, røystene på veg heim til Gud
berrføtte, sårføtte.


*******************************************

(fra Sone 0, 1992)