Slik er vårt håp
lenger ned enn nederlaget
lenger ned enn det mulege.
Det er like stilt, like skinande som kornmo
det er meir flekkete og upåliteleg
enn skuggen av lauv
det er hardare enn jernet
og seigare enn undergangen
det er meir uthaldende enn dønningen
og rullar seg i hop like fort i si eiga grav.
Det er sløgare enn ein mened
og listigare enn maktfolket
det lever i jordskreda
triumfbogen sin har det i nederlaget
det tøyer seg lenger enn lysta
det kan ikkje haldast fast
anna enn som oppbrukt glitter
det frys stillare enn isen
og sprengjer då fundamenta
utan bruer tar det seg over elvane
det byggjar byar utan tårn, utan hus og gater
men alle hus og tårn og gater
har sitt feste i det.
Slik er vårt forlatne håp.
Det er svartare enn myrgranene om vinteren
summinga frå det trengjer lenger inn enn myggens
lik eit skjelett blir det lett forveksla med døden.
Slik er det.
Slik er vårt håp bortanfor håpet.
No kjem sandstormen.
No kjem tørstens år.
No prøver det eggen.
Vi har forlate det,
kvifor forlèt det ikkje oss?
Det lever i seg sjølv
det spør ingen annan om råd
og når det til slutt blir knust
flyg det bort i ein sveisegneiste
det forlèt seg sjølv
det bryt i hop, forsvinn
og er uoppnåeleg i det forsvinnande
det gøymer seg i botnslammet
til det berre blir eit rykte.
Under eit anna namn kjem det då tilbake
i ei anna tid.
Slik er vårt håp.
Gjendiktet av Jostein Sæbøe
**************************************************
(i Ein lysare eld, 2018)
torsdag 12. mars 2020
tirsdag 3. mars 2020
Ken Rune Hansen: Jeg ber om det umulige
måtte dagene bli
lette
som
matpapir
og fosterdrømmer
måtte dagene bli
myke som
småungers hvisking i
sykehuskorridorene
måtte dagene bli
luft
fra
de glemte
vindmøllene i himmelen
***********************************************
(i 99 dikt om glede , 2020)
lette
som
matpapir
og fosterdrømmer
måtte dagene bli
myke som
småungers hvisking i
sykehuskorridorene
måtte dagene bli
luft
fra
de glemte
vindmøllene i himmelen
***********************************************
(i 99 dikt om glede , 2020)
Abonner på:
Innlegg (Atom)