fredag 13. august 2021

Kjartan Hatløy (uten tittel)

Brått er vi fint kledd
i skaresnøens vakne diamantbakkar
glimt glimtar
drep sekunden
så den bryt ut høgt over lysfart

berre fordi kvar
einaste
morgon
den dag
glepp ut av deg og meg og fjorden og legg iveg sin veg

kanskje til gøymespelsletta igjen
der er eksamen for alle soler og folk
der er det gode usynleg men nærast
der er dei snille sin endelege siger
der blir fjellets blå bål framforhandla

gul gyvel er send herifrå
og ein gullregnprydd sti


**************************************************

(i Riket er vårt, damti damti, 2005)