mandag 3. april 2023

Bjarne B.: Spørsmål og svar i landet med den sovande kongen

Kvifor stilla seg ved sidan av den dødsdømde i morgontimen?
Fordi vinden sneiar ei blodåre bakpå handa mor di heldt.

Kvifor la kirsebærtreet bløma midt i krigen?
Fordi hundre sjeler er gjenfødde i oss, og ramnar flyg gjennom dei.

Kvifor nøler ikkje inuitten framfor kvalens nakne beingrind?
Fordi rettferd - stundom - er å finna det rette sviket. 

Kvifor er den blå steinen i kroppen din så lysande vakker?
Fordi han vart lauga i den lange natta, og overlevde. 


*******************************************************

(Diktkammeret 03.04.23)