Der er haren sparkar hol på horisonten med sin harde labb
Men gler seg over lynet
Kveldssola gav den lyst til å flyge
Den lyner sjølv, herjar, mister synet, høyrer havet, blør
Den spende ut skinnet sitt, den flaug
Den ferdast no blant skyer og tuer
I galopp over groper, langs smale spor i graset
Sett frå eit visst punkt mørklegg haren sola
Helt sidan den gong kallar vi ein bestemd plass her ute for
I skuggen av ein hare
Gjendiktet av Gunstein Bakke
I: I skuggen av ein hare, Samlaget 2020