lørdag 30. mars 2024

Arne Garborg:

Til deg du heid og bleike myr
med bukkeblad,
der hegre stig og heilo flyr,
eg gjev mitt kvad. 

Til deg, du visne lyng om haug,
der draumar sviv,
eg gjev min song om dimd og draug
og dulde liv. 

Eg kjenner deg, du trollheim grå,
du skugge natt!
Eg rømde rædd; men stundom må
eg sjå deg att. 

Eg kjenner deg, du havsens marm
med galdre-song;
du gauv meg gru i rædde barm
so mang ein gong. 

Eg kjenner striden tung og sein
mot trolldoms-vald.
Gud hjelpe oss for brotne bein
og mannefall!

*

Eg kjenner deg - eg kjenner deg,
som ikkje vann! -
Eg såg din strid, eg veit din veg,
i skugge-land.

Eg røynde sjølv den striden stygg
i mange år,
med ville mod, med bøygde rygg,
med svære sår. 

Du um meg sviv, du hjå meg sit,
du arme ånd!
I meg du enno riv og slit
i dine bånd. 

Eg veit det vel: det sterke troll,
den vilje rik;
ein båt i foss, eit kvad i moll,
sløkkt i eit skrik. -

*

Men lerka stig frå gløymde grav
med sigers ljod;
og vinden stryker inn av hav
so frisk og god. 

Og um me kjenner gråt og gru
og saknad sår,
så må me lerkesongen tru,
som lovar vår.

(fra Haugtussa)