lørdag 9. desember 2017

antipoet: Verda er alltid like vakker

Verda er alltid like vakker og kvelden skin
skarpast utan konklusjonar. Slik fuglane flyg
gjennom varme tre.
Himlen er strekt tålmodig ut mellom oss:
Vi ser ingen vegar ut.
Himmelen er klaustrofobisk, til og med fuglane
klarer ikkje å flyge vekk frå den.
Ho skjenker i te og lagar ein veg for tankane mine,
så eg kan vere der for henne og altet
og rådyret som beveger seg stille.
Ho er hos meg liksom uroen og dyra som vakent
lyttar.
Dei døde ligg på sine stader, får fred,
liksom barnets gjennomsiktige hovud når det søv.

*****************************************

(fra Diktkammeret, 9.12.2017)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar