Utover fjellrabbane
vrengjer torva seg opp i dagen
Dei store brune felta
lokkar hjorten fram
Eg ser han kome stigande
med si vide krone
Grave med grove
klauver i molda pisse
rulle trakke seg
ein pøl av brunst
I den klåre lufta stig brøla
og sviv langsmed fjellsidene
Klikkande lyd av gevir som møtast
Ei drift send ut
titusen av år attende
råkar kroppen min
stanger han open
************************************
fra Kvar ein fugl, 2018
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar