skuggane slumre
kor skal barfrosten kneppe
over islagte vann
kor skal stjerner finne himmel
å klirre på
kor skal musvåken vake
blåsymra bløme
kor skal storlomen skrike
sitt isorgel skrik
kor skal solbrann svi
kjeldevatn klukke
kor skal tonane tagne
men likevel lyde, kor
skal tanke og draum
finne ro
***************************************************************
(Facebook, 15.08.2018)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar