tirsdag 20. november 2018

Terje Tørrisplass: I vind og regn

Dei kom frå Numedal.
Hadde gått over fjellet i vind og regn.
Mor stod i budøra
og ønskte slekta velkomen.
Det rant frå regnfrakkane deira.
Gråe andlet lyste under sydvesten.

Med frosne nevar
strekt mot omnsvarmen, fortalde dei
om vierkjerr til livet, seige stigningar
opp frå Børgegrammin. Den harde blåsten
innpå Reinsjøfjell.

Skumkvite jaga bølgjene over fjellvatna.
Flaumdigre bruste bekkane.
Svaa sleipe for sjel og støvlar.
Slik vart fjellet fortalt.
Vidsynet i tidlause glimt
når skodda dreiv bort over høgdene.

Eg sat under parafinlampa.
Dagen skrådde mot kveld..
Eg var ti år, lytta til fjellets forteljingar.
Regnet brant i blodet. Vinden brant.
Fjellet skein i meg.

Alt som lever og skin i årene
går ein inn i. Bergar seg gjennom.
Finne vegen når det rivnar.
Finne ly innmed hamrane. Finne bua
i vind og regn.

Gå over fjellet!
Det er det som gjeld.
Og eg gjekk. Gjekk i timar
og dagar. Gjekk i veker.
Gjekk i månadar og år.

Var våk over vardane
var ramn, var skarrande rypestegg.
Strauk gjennom vierkjerra.
Kraup inn under berghamrane.
Krinsa rundt toppane.
Fann vidsynet, fagna synsranda
gjennom skoddeauget.

Vil du gå med meg
i vind og regn, ropte eg.
I vind og regn, i vind regn, kauka ho.

Hitetter nattane. Bortetter nattane.
Brått nær, brått langt borte
Brått mi, brått ein annans.
Alltid i mine draumars lengt.
Aldri i mine dagars ro.

*************************************************************************

(Facebook, 19.11.18)







(Chris Bushe, Winter Gorse, the Hill of Fayre)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar