lørdag 26. januar 2019

Kjartan Hatløy (uten tittel)

Så mange slags syn vert å sjå frå vindaugsglaset

medan kjøleskapet lågt brummar frå staden sin

frå høgdene sine skråar to rader gråbrune fjell ned i vest og slepp

til ein fjord, ein som lever stund for stund

i skymingslys ei stor stille. Ingen

nyttar den raude krakken

nett då

eit grått lasteskip

lydlaust

sig frå nord, veltar kalde bylgjer

mot vest og mot aust


****************************************************************************

(fra Dikt i samling, 2017) 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar