søndag 21. april 2019

Sigmund Løvåsen: Småbrukarens kjærleiksdikt

Om dagen er vi såmenn som går over åkrane
Om natta spirene som ventar på lys og varm jord

Vi svevar nakne og skitne i måkesvermen bak plogen
Vi knusar kvart bein i kroppana våre under steinlass i ura

I nettene polerer vi angsten mot slipessteinen
Saman er vi varmen i den gjæra møkkadungen, grå damp av metan og
ammoniakk som siv mot himmelen i frostmorgonen

Vi skrik i tomme låvar med katedralklang
Vi elskar i mold og frø og kjøt og sleiker kroppane våre reine som katten

Saman helsar vi den nye dagen velkommen med trommelens song over
steinete åker.

************************************************************

(fra Med øksane dei haustar inn, 2018)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar