fredag 24. juli 2020

Czeslaw Milosz: God natt

Ingen plikter. Eg treng ikkje vera djup.
Eg treng ikkje vera kunstnarleg fullkomen.
Eller utsøkt. Eller opbbyggjeleg.
Eg bare ruslar. Eg seier: "Du sprang,
greitt nok det. Det var det ein skulle."
Og nå omformar musikken i verdene meg.
Planeten min går inn i eit anna hus.
Tre og plenar trer tydelegare fram.
Filosofiane sloknar ein etter ein.
Alt er lysare, men likevel ikkje mindre merkeleg.
Sausar, gamle vinar, kjøtrettar.
Me snakkar litt om marknader i distrikta,
om reiser i overbygde vogner med ei sky av støv bak.
Om korleis elvane ein gong var, korleis angen av mjølkerot er.
Det er betre enn å undersøkja sine private draumar.
Og imens så har den kome. Den er her, usynleg.
Kven kan gissa korleis den kom hit, alle stadar.
La andre ta seg av den. Nå er det min tur til å skulke.
Buena notte. Ciao. Farvel.


Gjendiktet av Helge Torvund



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar