er heilt annleis
og heiter jamvel noko anna
Sjemkel
ingen Rafael
korleiaren
ingen Gabriel
den gylne
som er ei støtte for trona
og baldakinen
heller ikkje
som Asrael
planetføraren
og baldakinen
heller ikkje
som Asrael
planetføraren
geometaren for det uendelege
den fullenda kjennaren
av teoretisk fysikk
Sjemkel
er svart og nervøs
tidlegare straffa gong på gong
for smugling av syndarar
mellom avgrunn og himmel
trampar han ustanseleg
han held seg ikkje verdig nok
og dei lar han vere med i engleskaren
einast av omsyn til talet sju
men han er ikkje lik dei andre
ingen feltherre
som Mikael
er svart og nervøs
tidlegare straffa gong på gong
for smugling av syndarar
mellom avgrunn og himmel
trampar han ustanseleg
han held seg ikkje verdig nok
og dei lar han vere med i engleskaren
einast av omsyn til talet sju
men han er ikkje lik dei andre
ingen feltherre
som Mikael
heil og halden i rustning og fjørpryd
ingen Asrafel
verdsdekoratøren
ingen Asrafel
verdsdekoratøren
som gjer det så frodig og grønt
med vengeslag som sus ifrå to eiker
ikkje eingong
som Dedrael
apologist og kabbalist
Sjemkel Sjemkel
murrar englane
kvifor er du så ufullkomen
når dei bysantiske målarane
målar dei sju
lar dei Sjemkel
vere lik dei andre
dei meiner nemleg
at dei skulle hamne i kjettarskap
om dei måla han
slik som han er
svart nervøs
med ein gamal utsliten glorie
*******************************************************************
(fra Arnljot Eggen/Martin Nag: Den sjuande engelen. Polsk Etterkrigslyrikk, Samlaget 1967)
kvifor er du så ufullkomen
når dei bysantiske målarane
målar dei sju
lar dei Sjemkel
vere lik dei andre
dei meiner nemleg
at dei skulle hamne i kjettarskap
om dei måla han
slik som han er
svart nervøs
med ein gamal utsliten glorie
*******************************************************************
(fra Arnljot Eggen/Martin Nag: Den sjuande engelen. Polsk Etterkrigslyrikk, Samlaget 1967)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar