Det som var er godt
det som kjem er godt
jamvel denne stund
er god
i reiret fletta av kjøt
levde ein fugl
slo med vengene mot hjartet
vi kalla han uro mest
og somtid: kjærleik
om kvelden
gjekk vi ofte dit sorgelva strøymde
vi kunne spegle oss der
frå topp til tå
no
er fuglen fallen ned frå skyene
elva søkk i sand
rådlause som barn
røynde som gamle
er vi rett og slett fri
det vil seie budde til å gå vår veg
om natta
kjem ein vennleg gamling
og gir oss eit gjestfritt vink
- kven er du - spør vi redd
- Seneca - seier dei lærde
og dei som ikkje kan latin
kallar meg: døden
****************************************************************
fra Den sjuande engelen. Polsk etterkrigslyrikk, ved Arnljot Eggen og Martin Nag)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar