søndag 20. juni 2021

T.E. Hulme: Victoriakaien

 (Dette sveiv ein fallen mann
        ei kald beisk natt)

Fyrr kom eg i ekstase av nokre vek på ei fele,
av gullhælar på det harde fortoget.
No veit eg
at varme er det viktigaste i poesien.
Å, Gud, gjer det lite
det gamle stjerne-etne himmelteppe,
so eg kan balla det um meg og liggja koseleg.


Til norsk ved Olav H. Hauge

********************************************

(i Hand grip hand i svevne, Noregs Boklag, 1978)

T.E. Hulme: Yver bryggjone

Yver dei stille bryggjone ved midnatt
heng månen, innvasa i togverket
på høge master. Han som såg ut til å vera so langt burte,
er berre ein leikeballong ungane har gløymt att. 


Til norsk ved Olav H. Hauge

**************************************************

(i Hand grip hand i svevne, Noregs Boklag, 1978)



lørdag 12. juni 2021

Annie Riis: 14 år

Hva kommer de til å gjøre med han
som alltid ser seg to ganger rundt
og drar hånden gjennom håret før han svarer -
som ikke har muskler i mellomgolvet
bare en tue fioler
med rottråder helt inn til ryggen?
Godtar de fioler?


****************************************

(Poesiringen, 12.06.21)




mandag 7. juni 2021

Lennart Sjögren: Kveldstre

Når trea no sameinar seg mot kvelden
kjem dei alt samanvaksne hestane
enda nærare kvarandre,
dei stilnar og ventar på natta
medan det siste lyset
silar gjennom manane. 

Då kjem skjelvinga i lauvverket
som liknar våre eigne heftige andedrag
i omfamninga før ei lang reise.


Gjendiktning ved Jostein Sæbøe


*****************************************

(fra Ein lysare eld, Nordsjøforlaget 2018)

fredag 4. juni 2021

Jon Fosse: Eg er ikkje lenger

det er for stille til at eg kan
sjå fargane falle, ingen av dei gamle
er lenger i det bevegelege vatnet
Det er for stille
og alt for lenge sidan
Men den grøne løen treng jo malast
Og ungane treng jo
ein trygg stad å leike
Eg er ikkje lenger, men berre i deg
Og i eit blått
som lun og roleg varme. Og graset
skulle vore slått, eg ser det no


****************************************

(Poesiringen, 04.06.2021)