tirsdag 30. januar 2024

Pablo Neruda: Ode til gleda

Gleda,
eit grønt blad
som fall gjennom vindauga,
ein nyfødd
augneblink
av klårleik,
elefant av vellyd,
blendande 
mynt,
til tider
eit lite vindkast,
men
heller
dagleg brød,
innfridde voner,
oppfylte plikter.
Eg forakta deg, glede.
Eg hadde hatt dårlege rådgivarar.
Månen
leidde meg på sine vegar.
Dei gamle diktarane
lånte meg briller,
og over alle ting
slo eg ein svart
glorie,
ei svart krone på blomen,
eit trist kyss
på munnen eg elska.
Det er framleis tidleg.
Lat meg få angra.
Eg tenkte at berre
dersom piggane
frå lidinga
sveid
i hjartet mitt,
dersom regnet vætte
kleda mine
i det mørke landskapet til sorga,
dersom eg lukka
augo for rosa
og trykte på såret,
dersom all smerte var mi,
ville eg hjelpa menneska.
Eg hadde ikkje rett.
Eg styrde stega mine feil,
og i dag ropar eg på deg, glede. 

Lik jorda 
er du
naudsynleg.

Lik elden
varmer du
opp heimane. 

Lik brødet
er du rein. 

Lik elvevatnet
brusar du.
Lik ei bie flyg du rundt
og lagar honning. 

Glede,
eg var ein fåmælt ungdom,
eg tykte manken din
var skammeleg. 

Det var ikkje sant, det fekk eg vita
då gleda fløymde
over brystet mitt. 

I dag, glede,
har eg møtt deg på gata,
langt frå alle bøker,
og eg bed deg følgja meg:
med deg
vil eg gå fra hus til hus,
frå by til by,
frå fane til fane. 

Du er ikke mi åleine.
Vi skal dra til øyar
og til hav. 

Til gruver
og til skogar skal vi dra.
Ikkje berre einslege vedhoggarar,
fattige vaskekoner
eller strie, høgtidssamme
steinhoggarar
vil ta imot meg med klasar av glede,
men også dei som sit saman
i møte,
fagforeningane for sjø eller tre,
dei modige gutane
som slåst. 

Med deg over heile verda!
Med songen min!
Med den lysande flukta!
til ei stjerne,
og jublande
som ein skumtopp!
Eg skal gjera opp med alle
fordi eg skuldar
alle gleda mi. 

La ingen undra seg fordi eg vil
by alle menneske
det jorda har å gi,
for i striden lærte eg
at å spreia gleda
er plikta mi på jorda.
Og eg fyller denne lagnaden med songen
min. 


Gjendiktet av Kjartan Fløgstad

(I: Poetisk modernisme)


*************************************************************


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar