tirsdag 6. februar 2024

Johannes Bobrowski: Vandraren

Kveld,
elvesong,
tung ande frå skogane,
himmelen full av
skrikande fuglar, kystar
av myrker, gamle,
stjerneeld ovan.

Som eit menneske har eg levt,
gløymt å telja
dei opne dørane. Eg kakka
på dei stengde dørene. 

Kvar dør er opi.
Verten stend med opne
armar. Kom til bords.
Seg: Skogana syng,
fisken stryk gjennom den
andande elvi, himmelen
skjelv av eld. 

Gjendiktet av Olav H. Hauge

(i Poetisk modernisme, Samlaget)


************************************************************

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar