Inni auga mine
opnar seg den stengde songen
til såkorna
som aldri fekk bløme.
Dei drøymer seg alle ein slutt
som er ulik, men like uverkeleg.
(Kveiten drøymer om svære
blomar i variantar av gult.)
Dei drøymer om underlege
eventyr av skugge.
Om uoppnåelege frukter,
om temde vindar.
Ikkje eitt korn kjenner seg sjølv.
Blinde og villfarne er dei,
og vondt gjer duftene i dei,
innestengde for alltid.
Kvart korn tenkjer seg
eit slektstre
som dekker heile himmelen
med stilkar og klasar.
I lufta strekker seg
ufattelege vegetasjonar.
Greiner svarte og store,
og oskefarga roser.
Månen, nesten drukna
i blomar og i greiner,
forsvarar seg med strålane
som ein sølvfarga blekksprut.
Inni auga mine
opnar seg den stengde songen
til såkorna
som aldri fekk bløme.
*****************************************************
(Gjendiktet av Tove Bakke og Ragnar Hovland
fra Grøn vil eg ha deg grøn, Dikt i utval)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar