I tre dagar vente me
himmelen var ei gråsteinsskål.
Om natta drøymde dalen om snø,
villfarne juleenglar med mørke-kvite venger
flaksa i åsane.
Eg drøymde eit dikt, perfekt
som det første femkanta fnugget
før det smelta i grålysninga:
ei Janus-tid
å sjå tilbake på skitne, mørke dagar,
mistaka i året som gjekk.
Og så kom snøen.
Innan ei time var verda plettfri,
januar kom med blanke ark.
Me pustar den klåre lufta som nyfødde.
Borna spring framfor oss.
Som i ein snødraum
set me spor i krystallenger
mot den grøne horisonten
og ei rose, spegelbilete av sola.
***********************************
(Oversatt av Lars Amund Vaage,
fra Dikt i samling, Nordsjøforlaget 2017)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar