Kvelden er ein haustkveld og kvesser sine knivar.
Stjernene blir høge og husa våre varme.
Nakne er vi skapte og natta er vår eiga.
Frosten bur i natta og telen bur i jorda.
Elden bur i menneske og skifter ikkje bustad.
Hjarte bur i natta mellom roser.
(fra Løynde eldars land, 1953)
********************************************
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar