søndag 28. juli 2019

Laura Gilpin: Den tohoda kalven

Når drengane i morgon kjem over denne
vanskapningen av en kalv vil dei slå
avispapir rundt den stakkars kroppen og
bære han med seg til museet

Men i kveld er han lys levande og saman med
mor si langs jordene lengst nord. Det er ein
perfekt sommarkveld: Månen høgt over
frukthagen, vind i graset. Og når han
kiker opp mot himmelen ser han
dobbelt så mange stjerner som alle andre

(gjendiktet av Øystein Hauge)


*****************************************************

(Poesiringen, Facebook 28.07.19)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar