Dei skar tunga av han:
Korleis kan eg høyra
det han seier?
Dei kappa hendene av han:
Korleis kan eg lesa
det han skriv?
Dei stakk ut augo på han:
Korleis kan eg sjå
kva han ser på?
Han sit i ei hole i ørkenen
og samtalar med ein snigel
i hjartet sitt.
Hans von er at snigelen
han talar med kryp ut
av hjarta hans
når dei kjem att
og sniglar seg sakte
over jordkloten
med hus på rygg
og tentakler under sol og måne
og stjerner, stum
språklaus som han sjølv
men med minnet om varmen
i hjarta hans.
Dette sakte livet.
Dette heilt nære,
tenkjer han.
Dette som røyver seg
tett inn mot jorda
kjem fram til slutt
*
Han skriv med klår
tankeskrift
i hjernebarken
før dei hogg av han hovudet:
I svartaste natt
på ein svart stein
kryp ein svart
snigel.
Gud ser han.
***********************************************
(fra Sirkusdirektøren og andre dikt, 2020)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar