Denne klåre vårkvelden
kryssar rugda over tunet
markene elva vatnet skogen
fram og attende i trekket sitt
Det taktfaste lætet
glir over tretoppane
slik eit slite hjarte slår
i grøne bluss over skjermen
Han trudde han var
indianar i sitt førre liv
Det var denne draumen
som alltid kom attende:
Han sat på huk og såg inn i elden
som ein sjaman
eller ein noaidi
Ein som ser
og tek bustad
i eit anna dyr sin kropp
Dei blanke rugdeauga
med den sørgmodige
streken attover kjaken
Ser han gjennom desse auga
Kryssar han over dalen
i trekket sitt
Over skogen vatnet
elva markene tunet
Ser han seg sjølv
og dei tre syskena sine
i leik på storesteinen
Røystene deira
så tydelege i vindstilla
Det er han som ser fuglen fyrst
Dei reiser seg på likt
og vender andleta oppover
*********************************************
(fra Kvar ein fugl)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar