onsdag 12. september 2018

Paul Celan: Dødsfuge

Svart morgonmjølk me drikk ho um kvelden
me drikk ho middag og morgon me drikk ho um natti
me drikk og drikk
me grev ei grav uti lufti der ligg ein ikkje trongt
Ein mann bur i huset han leikar med ormane han skriv
han skriv når det myrknar til Tyskland ditt gylne hår Margarete
han skriv det og gjeng ifrå huset og stjernone gneistar han fløyter på hundane
han fløyter jødane sine ut og byd dei grava ei grav i jordi
han byd oss spel upp no til dans

Svart morgonmjølk me drikk deg um kvelden
me drikk deg morgon og middag me drikk deg um natti
me drikk og drikk
Ein mann bur i huset han leikar med ormane han skriv
han skriv når det myrknar til Tyskland ditt gylne hår Margarete
Ditt oskegrå hår Sulamith me grev ei grav ut i lufti der ligg ein ikkje trongt

Han ropar grav djupare i jordi de der de andre syng no og spel
han grip etter jarnet i beltet han svinger det augo er blå
stikk spaden djupare de der de andre spel upp til meir dans

Svart morgonmjølk me drikk deg um natti
me drikk deg middag og morgon me drikk deg um kvelden
me drikk og drikk
ein mann bur i huset ditt gylne hår Margarete
ditt oskegrå hår Sulamith han leikar med ormane

Han ropar spel søtare død døden er ein meister frå Tyskland
han ropar slå strengane djupare som røyk skal de stiga til vêrs
då har de ei grav i skyene der ligg ein ikkje trongt

Svart morgonmjølk me drikk deg um natti
me drikk deg middag døden er ein meister frå Tyskland
me drikk deg morgon og kveld me drikk og drikk
døden er ein meister frå Tyskland augo er blå
han treffer deg med blykulor han treffer deg godt
ein mann bur i huset ditt gylne hår Margarete
han hissar hundane på oss han gjev oss ei grav ut i lufti
han leikar med ormane og drøymer døden er ein meister frå Tyskland

ditt gylne hår Margarete
ditt oskegrå hår Sulamith


gjendiktet av Olav H. Hauge

***********************************************************

(fra der Sand aus der Urnen)



















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar