mandag 17. september 2018

Robert Bly: Stele sukker frå borga

Vi er fattige studentar som studerer glede etter skuletid.
Vi er som desse fuglane i dei indiske fjella.
Eg er ei enkje med eit barn som si einaste glede.

Det einaste som fyller det maurforma hovudet mitt
Er bygningsmannen si teikning av eit sukkerslott.
Å klare å stele berre eit sukkerkorn av glede!

Nett som ein fugl, flyg vi ut av mørkret og inn i hallen
Som er opplyst av song, før vi flyg ut att.
Å verte stengd ute frå den varme hallen er også glede.

Eg er ein treiging, ein dagdrivar, ein tosk. Men eg kan
Aldri få lese nok om dei som fekk sjå eit glimt
Av Ansiktet, og som tjue år seinare møtte døden i glede.

Det gjer ikke noko at du seier at du snart skal døy.
Sjølv i lyden av ordet snart, høyrer eg
Ordet du som innleier kvar setning av glede.

"Du er ein tjuv!" sa dommaren. "Få sjå hendene
Dine!" Og retten fekk sjå dei trælete hendene mine.
Dei dømde meg til tusen år i glede.


Gjendiktet av Odd Goksøyr

*****************************************************

(fra My Sentence Was a Thousand Years of Joy)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar