mandag 12. august 2019

Friedrich Hölderlin: Midtveges i livet

Med gule pæror heng det
og fullt av ville rosor
i sjøen eit land.
De fagre svanor,
og drukne av kyssar
dukkar de hovud
i heilag-nøkternt vatn.

Ve meg, kvar skal eg, når
det vintrast, ta blomane, kvar
ta solskinet
og skugge på jordi?
Murane ris
ordlause, kalde, fløyar
riktar i vinden.


Gjendiktet av Olav H. Hauge

**************************************

(fra Dikt i umsetjing, 1982)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar