Teikn er me, utan meining,
utan kvide er me, og tungemålet vårt
har me gløymt millom framande.
Når det nemleg er strid
om menneski og månane gjeng veldigt
på himmelen, so talar òg
havet og elvar lyt
leita seg veg. Men ein
er utan tvil. Den som
kan brigda det dagleg. Snautt treng
han lover. Og det syng, bladet, og då blakrar eiketre attmed
snøfjelli. For ikkje maktar
dei himmelske alt. Men dei døyelege
når først til avgrunnen. Soleis snur det seg, dvergmålet,
med desse. Lang er
tidi, men det ovrar seg
det sanne.
Gjendiktet av Olav H. Hauge
****************************************************
(fra Dikt i umsetjing, 1982)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar