søndag 11. august 2019

Kjartan Hatløy (uten tittel)

Denne sjåføren hatar å prate
men taxien er snøgg og sikker gjennom novemberlandskapet
det er ikke enno morgon
brumming fra 100 hk. Vidare!
svinga forbi eit høgt rektangelfjell som låg i enden av ein fjords spegel. Vidare!

no medan livet er såpass godt. I ein brå sving vart sjustjernene synlege
frå det heite trygge setet, Pleiadane med den kvitblå refleksjonståka og Merope

så fullt mørker att, trygt det, og kan hende det tryggaste. Frontlysa hastar ivrig fram, sveipar.
Alt ikring veit her kjem menneskelys, her kjem menneskets front farande, menneskelys fangar
opp bleike haugar, fangar inn ei furu, som strekkjer armane dit dei ikkje skulle, og vil stå slik

ei hjortekolle hiv hovduet opp, ein blink fra iris, vidare

så kjem svanelanda fram, eit par mil småsjøar, vatn med grupper av svaner skin i natta,
gruppa og kvar einskild, dei sym seint og og sørgjer for at det vert stilt overalt ikring

svaneauga, eg ser dei ikkje, men dei er komne ned frå ein annan himmel,
dei ser oss som seier vi køyrer, skarpere enn vi trur

dei dukkar den perfekte halsen djupt og hentar opp noko ved ein svart stein, noko verda gjev
berre til desse

****************************************************************************

(fra Menneskedagar, 2018)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar