Hyllen lavar av bær; roleg budde barndomen
i den blå hola si. Yver den kvorvne stigen,
der no brunbleikt villgras viftar,
grundar stille greiner; lauvet susar.
Og blått vatn brusar undar bergi.
Sysvorti klagar veikt. Ein gjætar
fylgjer tagal soli, som rullar frå den haustlege heidi.
Det blå augnebliket er berre sjel.
I skogkanten syner hjorten seg sky, og fredfullt
kviler gamle klokkor og grå grender i dalbotnen.
Frommare ser du no meiningi med dei myrkje åri,
kjøld og haust i einslege rom;
og i den heilage blånen kling lysande steg.
Veikt klirrar eit ope glas; tåror kjem
når du ser den forfalne kyrkjegården på haugen
og minnest gamle legendar; men stundom ljosnar sjeli,
når ho kjem i hug glade menneske, myrkgylne vårdagar.
Gjendiktet av Olav H. Hauge
*********************************************************
(fra Dikt i umsetjing, 1982)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar