lørdag 17. august 2019

Georg Trakl: Elis

I
Fullkomi er stilla denne gylne dagen.
Under gamle eiker
ser eg deg, Elis, kvila med runde augo.

Deira blå speglar svevnen til dei elskande,
På munnen din
tagnar dei rosute sukkane deira.

Um kvelden dreg fiskaren dei tunge garni.
Ein god gjætar
fører flokken sin langs skogkanten.
Å, kor rettvise, Elis, er dine dagar.

Mjukt sig
den blå stilla i oljetreet på nakne murar,
den døkke songen til ein olding tagnar.

Ein gyllen båt,
Elis, voggar hjarta ditt på einslege himmelen.


II
Eit veikt klokkespel kling i bringa på Elis
um kvelden,
då hovudet hans sig ned på den svarte puta.

Eit blått vilt
forblør i klungerkjerri.

Eit brunt tre stend einstaka att,
dei blå fruktene datt ned.

Teikn og stjernor
glader stilt i kveldstjørni.

Attum åsen er vinteren komen.

Blå druver
drikk um natti den iskalde sveiten
som renn av Elis' krystall-panne

Stødt syng
Guds einslege vind ved svarte murar.


Gjendiktet av Olav H. Hauge

****************************************************

(fra Dikt i umsetjing, 1982)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar