lørdag 3. august 2019

Kjartan Hatløy (uten tittel)

Lun natt
send oss frå nokre ivrige stjerner, førebels leia av Sirius
gulkvite sommarfuglar flagrar
er med ei gruppe svartrosthannar
deira svev teier spent, dei vil til ein fjern fjord
dei vil til ein morgon berre dei kan skape

fjorden vaker
først når gruppa kjem fram, vert den still
og ikkje einsam

*******************************************

(fra Menneskedagar, 2018)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar