fredag 23. februar 2018

Einar Økland: Ein er for lite, men ein er nok

Ein er ikkje nok.
To er ikkje nok.
Tre er ikkje nok.

Elleve er også for lite.
Og tolv.
Og tretten.
Ikkje eingong fjorten er nok.

Men femten
Når femten mann tar tak
i den tjukke jernplata
som er så stor som eit golv
og som det står ein mann på
og spelar trekkspel.
Då løfter dei den
over hovudet som ingenting.

Nå kan du til og med danse oppå.

Og dersom han som spelar trekkspel
verkeleg er ein spelemann.
Då kan også dei femten karane
dei som tok i og løfta
komme oppå og ta seg ein dans.

Ein skikkelig spelemann er nok.

*******************************************

(fra Romantikk, 1979)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar