lørdag 10. februar 2018

Robert Bly: Ete bjørnebærsyltetøy

Når eg får vite at vi alle tilhøyrer ikkje-eksistensen,
Ser eg ned, men eg løfter blikket igjen av
Kjærleik til dei små skapningane av ikkje-eksistens.

Somme seier at alle åborar liknar kvarandre
For å hindre haien å sikte seg inn. Men å halde
Seg i live er ikkje nok til å fri seg frå ikkje-eksistens.

Skrika frå dei små låvesvalene som kjem frå
Sølereiret så sinnrikt festa til raftene,
Lærte meg å elske dei magre fuglene av ikkje-eksistens.

Taoistar med pistrete skjegg som fiskar heile dagen
Med ein utretta krok, fortel oss at dei har lært seg
Å ikkje vente så mykje av ikkje-eksistens.

Bjørnebæra har så mange ansikt at syltetøyet
Av dei er ei slags innkoking av ingenting. Kvar einaste
Ein av oss elskar denne tjukke laken av ikkje-eksistens.

Når kvar stanza endar med det same ordet,
Vert eg glad. Ein venn seier, "Er du stolt av dette,
Må du vere ein av sekretærane for ikkje-eksistens!"

********************************************************

(gjendiktet av Odd Goksøyr,
fra Dei dømde meg til tusen år i glede, 2015)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar