fredag 17. november 2017

George Mackay Brown: Biletet i åsane

Språk, opne den heilage gruva.
  Heidning i skyer, eit bilete i stein,
ho vernar marka, elva, fuglane.

Dei dunkle åsane ruller over togna hennar.
  Bortenfor deira skrenter og ulende, ser ho
ein lys morgon av honning og saueull.

Bygg ein boge av harde, kanta ord,
  April fløymer frå dei såra henda hendene hennar.
Godlynte dyr og eventyr samlast.

Ved kjelda spreng ein bukk
  meisla i kløyvd stein, reinskoren i lys, framfor
den svinnande floken av hund og horn.

Stein og bøner femnar henne no.
  Hald deg i diktet, du nakne, frosne jente,
til Ordet vaknar og alle steinar døyr.

****************************************

(Gjendiktet av Jostein Sæbøe, fra For øyane syng eg, 2016)

Poetry Foundation: George Mackay Brown





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar