Ein mann og ei kvinne sit nær einannan, og lengtar ikkje
i denne stundi etter å vera eldre, eller yngre, heller ikkje
å vera frå eit anna land, tid eller stad.
Dei er til freds med å vera der dei er, tala saman, eller tegja.
Andedraga deira held liv i ein me ikkje kjenner.
Mannen ser korleis fingrana hans rører seg;
han ser hendene hennar grip rundt ei bok ho flir han.
Dei lyder ein tridje lekam dei har saman.
Dei har gjort ein lovnad å elska denne lekamen.
Alder kan koma, skilsmål kan koma, døden vil koma.
Ein mann og ei kvinne sit nær einannen;
medan dei pustar, nærer dei ein me ikke kjenner,
ein me veit um, som me aldri har set.
***************************************************
(Gjendiktet av Olav H. Hauge, fra Frå Rimbaud til Celan, 1991)
Mye lesverdig på nettstedet Robert Bly
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar