lørdag 25. november 2017

Pablo Neruda: Ver stille

Nå vil me telja til tolv
og me vil alle vera stille.

For ei gongs skuld på jorda
lat oss ikkje snakka på noko språk,
lat oss stoppa for eit sekund,
og ikkje røra sånn på armane.

Det ville vore ein herleg augneblink,
utan hast, utan lokomotiv,
alle ville vore saman
og brått kjent oss ille til mote.

Fiskarane ute på det kalde havet
ville ikkje skada kvalane
og arbeidarane som samla salt
ville sjå på dei slitne hendene sine.

Dei som planlegg grøne krigar,
gasskrigar, eldkrigar,
sigrar utan overlevande,
ville ta på reine klede
og gå ved sida av brørne sine
i skuggen, uten å gjera noko som helst.

Det eg ønskjer må ikkje forvekslast
med ein endelig passivitet:
det gjeld livet sjølv,
eg vil ikkje ha noko å gjera med døden.

Dersom ikkje alle var så samde
om å halde liva våre i rørsle,
dersom me for ein gongs skuld
ikkje hadde gjort noko som helst,
ville kanskje ei stor stille
ha avbrote vårt vemod,
dette at me aldri forstår oss sjølv
og trugar oss sjølv med døden,
kanskje jorda lærar oss,
når alt ser dødt ut,
at alt er leveande.

Nå vil eg telja til tolv
og de er stille og eg vil gå.

************************************

(Gjendiktet av Helge Torvund, funnet på facebook 25.11.17)

Flere dikt av Pablo Neruda

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar