mandag 20. november 2017

Helge Torvund: Det finst dagar

Det finst dagar som nettene knuser som fugleegg på ein stor stein
Dagar som lepjar i seg plomma som ei firfirsle og smett unna
før du får vakna skikkelig og kome inn i kroppen på venleg vis
Dagar som lukkar seg om framtida som ein knytt neve

Og det finst dagar som opnar seg som ein knopp av kirsebærblom
Og brettar ut sine kvite kronblad i solbrisen frå ein stille maimorgon
Dagar som får lufta til å gli saman med kjærleiken som om alt var ope
Som om det var lov å visa det heile og verta godkjent som den du er

Det finst dagar som glir si skodd inn over steinane og borken på trea
Dagar som lar deg sova lenge og drøyma om hestar og hav
Inne i alt dette finst ein lengt etter å koma fram til eit hus
Som ein straks ser er staden   Ein går opp trappa og døra åpnar seg

Det finst ein styrke gøymd i strendene og nede i lyngen som gjev meg
Kraft til å opna endå ein dag. Til å gå langs verdas ytterkantar
Og lytta til spovefløyta som dreg sin lange toner ut over meg
Det finst steg, sand og slike dagar som seier det som må seiast

*********************************************************

(fra Alt er høy, 2007)

Wikipedia: Helge Torvund

NRK: "Kjærlighet i flertall". Intervju med Helge Torvund




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar