mandag 13. november 2017

Juan Gelman: Om poesi

det er ikkje stort å seie
ingen les den mykje
desse ingen er få
folk er opptatte med kriser og

dette med å ete kvar dag
det er jo ei viktig sak, eg hugsar
då onkel juan døydde av svolt, han sa
at han ikkje hugså korleis det var å ete, så det gjorde ikkje noko

men det gjorde noko etterpå
det fanst ikkje pengar til kista
og då den kommunale likbilen endeleg kom for å hente han
såg onkel juan ut som ein fugl

dei frå kommunen stira ned på ham med forakt
dei mumla at støtt måtte ein holde dei for narr
men dei var menneske og dei gravla menneske
og ikkje små pipipar som onkel juan, særskilt

ettersom onkel juan song pip-pip heile vegen til det kommunale krematoriet
og dei tok det for manglande respekt og var svært fornærma
og då dei klaska til han for at han skulle halde kjeft
ble heile likbilen full av kvitter og kvitteret kvittra kvitteret sitt heilt inn i hovuda på dei

onkel juan var slik, han likte å syngje
og han skjøna ikkje at døden var ein grunn til å halde opp
syngjande drog han inn i omnen, oska hans steig opp og kvitra
så dei frå kommunen stira på skorne sine grå av skam

tilbake til poesien
poetane har dårlege tider
ingen les de, dei ingen er få
yrket har tapt sitt ry, for en poet er det stadig meir komplisert

å vinne kjærleiken til ei jente
å bli presidentkandidat, å oppnå tillit hos kjøpmannen,
å få krigaren til å øve ein dåd som poeten kan syngje om,
å få kongen til å betale poeten tre mynter av gull for kvart rim

og ingen veit om dette hender fordi det er slutt på
jentene, kjøpmennene, krigarane, kongane
eller ganske enkelt poetene
eller om begge delar har hendt
og det ikkje er noka meining i å stille spørsmålet

det beste er å hugse at det går an å syngje pip-pip
i dei underlegaste situasjoner
onkel juan etter sin død, eg no
for at du skal like meg

(gjendiktet av Inger Elisabeth Hansen, fra Poetisk modernisme, 1995)

Remembering Argentine poet Juan Gelman





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar