søndag 19. november 2017

Seamus Heaney: Borna ved jernbanen

Når vi kleiv opp skråningane ved skjæringen
kom augo våre i høgd med dei kvite koppane
på telegrafstolpane og dei fresande strengene.

Vedunderleg krumma dei seg milevis
aust og milevis vest for oss og seig ned
under tyngda av svaler.

Vi var små og trudde vi viste ingenting
verdt å vita. Vi trudde orda reiste på strengene
i skinande regndropeposar

som alle vart til fullmogne frø i lyset
frå himmelen, skinet frå leidningane, og sjølv
vart vi så uendeleg små

vi kunne strøyme gjennom eit nålauga.

***********************************

(Gjendiktet av Alf Saltveit, fra Tonen som kom, 1995)

British Council/Literature: Seamus Heaney




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar